Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Habilitet - kurs

For personar som tek avgjerder i politikk og forvaltning

Både folkevalde og tenestemenn i forvaltninga må halde seg til regler om habilitet. Dette er både regler fastsett i lov og andre retningsliner og etiske standardar.

Brot på habilitetsreglar - og påstandar om slike brot - er eit stadig tilbakevendande tema både i media, i politisk debatt, i konkret sakshandsaming og i andre fora.

Habilitetsvurderingar kan vera kompliserte og det kan få store konsekvensar å trå feil. I samarbeid med Hordaland fylkeskommune vil Deloitte Advokatfirma AS halde kurs om habilitet.

Tid og stad:
29. oktober 2012 i møterom «Vestlandet» i fylkeshuset frå kl 10.00 til 12.00.

Målsetting:
Målsettinga med kurset er å gje deltakarane ei innføring i regelverket om habilitet, verknader av ugildskap og tiltak for å hindre at det vert handla i strid med habilitetsreglar for forvaltninga. Kurset tar sikte på å gje kursdeltakarane nokre «knaggar» for å kunne identifisere habilitetskonfliktar og å peike på moment for å vurdere hablilitet i konkrete saker.

Målgruppe:
Politisk og administrative beslutningstakarar, utgreiarar og andre tilsette i Hordaland fylkeskommune som regelmessig må ta stilling til habilitetspørsmål.

Føredragshaldarar:
Advokat Erlend Øen og advokat Rolf Erik Disch, begge frå Deloitte Advokatfirma AS.

Kontaktperson: Roald Breistein, Sekr. for kontrollutvalet, tlf 55 23 94 47

Påmeldingsfrist: innan 26.10.2012

Skriv inn e-postadressa di nedanfor og trykk neste. 

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart