Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Hjort i vest (to dagar)

Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland inviterer til kurs og konferanse om hjort som næringsgrunnlag i Bergen 23. - 24. mars.

Samlinga inkluderer godkjenningskurs for feltkontrollørar. Tema vil være lokal og regional forvalting av hjortestamma. Det vil også vere innlegg av nasjonale ekspertar innan biologi, økologi, jakt og jegerutdanning og utfordringar knytt til beiteskade.

          Bilete av ein hjort

Feltkontrollørkurs gir auka verdiskaping

Ynskjer du ei meir direkte tilnærming til jakt, sal og handsaming av kjøt? Samarbeidspartnar Norsk Hjortesenter arrangerer eit kurs for godkjenning av såkalla feltkontrollørar parallelt med konferansen sin første dag. Som feltkontrollør får du godkjenningsmyndigheit av Mattilsynet, slik at du kan inspisere og godkjenne kjøt frå felte dyr til lokal omsetning. Her ligg det gode muligheiter for verdiskaping gjennom sal til forbrukar eller restaurant og foredling av kjøt.

Næringsutvikling

Andre dagen er tema næringsutvikling basert på jakt og hjortekjøt. Her kan du lære meir om korleis marknadsføring og marknadstilpassingar kan hjelpe deg å lukkast med kommersiell hjortejakt. Hjortekjøt som råvare i restaurantnæringa og demonstrasjon av slakting og partering av hjort gir meir praktisk innføring i verdikjeda.

Program og påmelding

Konferansen rettar seg mot representantar frå lokal forvaltning, rettshavarar, jegerar, reiselivsaktørar, bønder og andre med interesse for hjort og hjortejakt. Den er planlagt i tett samarbeid med Norsk Hjortesenter, som i tillegg til feltkontrollørkurset står for fleire av dei faglege innlegga på programmet.

Meld deg på!

Det er redusert pris for personar som deltek på begge dagane. For å oppmuntre til kontakt mellom fagmiljø/forvaltning og bønder/jegarar, vil påmeldingar som inkluderer begge dagane bli prioritert.

Kontaktpersonar

Arne Richard Stadaas (fylkesmannen): 55 57 21 85
Jomar Ragnhildstveit (fylkeskommunen): 55 23 93 08

Lenkje: Norsk Hjortesenter

Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart