Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Informasjonsmøte for folkevalde om planlegging (Hardanger)

Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland inviterer til fire regionale informasjonsmøte i februar om planlegging etter plan- og bygningslova.

Det vil bli lagt særleg vekt på samspelet mellom regionalt og kommunalt nivå i planprosessane. Programmet er utarbeidd i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund.

Målgruppe

Hovudmålgruppe for samlingane er folkevalde i planutval i kommunar, ordførarar og relevante utvalsleiarar. Frå administrasjonen må gjerne rådmann og plansjef vera representert. Fylkespolitikarar frå Fylkesutvalet og Kultur- og ressursutvalet vert også invitert.

Frå Fylkesmannen deltek fylkesmann Lars Sponheim, assisterande fylkesmann Rune Fjeld, avdelingsdirektør Else-Kristin Foss Vikenes og seksjonsleiar Bireit Karin Rystad. Frå fylkeskommunen deltek regionaldirektør Jan Per Styve, fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti, plansjef Marit Rødseth og fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.

Tid og stad

Samlingane finn stad 2. februar (Bergensregionen), 14. februar (Hardanger), 15. februar (Nordhordland) og 29. februar (Sunnhordland). Kvar samling varar frå kl. 1130 til kl. 1700 og startar med lunsj.

Deltakarane kan melde seg på i andre regionar dersom datoen ikkje høver for eigen region. Samlinga er gratis, men reise må dekkjast av deltakarane sjølv.

For elektronisk påmelding og nærare detaljar, gå til www.hordaland.no/plan/kurs-og-konferansar som òg har lenkje til invitasjonsbrev og program. Påmelding kan også sendast på e-post til regional@hfk.no.

Påmelding seinast ei veke før samlinga

Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart