Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Ope møte Stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014 i Hordaland

Hordaland fylkeskommune er oppmoda av nasjonale aktørar og Bergen kommune om å setje ned koordinerande komitar for  Stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014 i Hordaland. Fylkesutvalet vedtok i mai 2012 at det skulle setjast ned ein komité som kan koordinere begge jubilea og halde kontakt med nasjonale og lokale aktørar. 

Til å sitje i komiteen har fylkeskommunen invitert  Fylkesmannen i Hordaland, Universitetet i Bergen, regionråda i Hordaland og dei kommunane som ikkje er medlemer av eit regionsråd er invitert som enkeltkommunar. Komiteen skal ha ein overordna og koordinerande funksjon i Hordaland. Det vil innebere at ein samordnar og ikkje legg opp til konkurrerande arrangement. Tvert imot bør ein ha eit blikk for samarbeid, så det blir kraftfulle arrangement i regionen. 

For å arbeide meir praktisk vart det oppmoda om at det vert oppretta arbeidsgrupper for kvart av jubilea.

Hordaland fylkeskommune inviterer difor til eit ope møte både for Stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014 der alle som er interessert i å vere med i arbeidsgrupper er velkomne til å delta.

Tid:        8. november 2012,  kl. 13.00 - 15.00.

Stad:     Grand Terminus Hotel i Bergen 

Påmelding til Anne Aune, e-post: anne.aune@hfk.no

Program

-  Orientering om planar for Stemmerettsjubileet 2013 og Grunnlovsjubileet 2014 ved ulike aktørar

-   Orientering om moglegheiter i Den kulturelle skolesekken(DKS)  ved Charlotte Espeland, leiar DKS Hordaland

-   Aktuelle samarbeid og koordinering

Meld gjerne frå om innspel i forkant av møtet til:
Anne Aune, e-post: anne.aune@hfk.no , telf 481 76 858

Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart