Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Brukarkurs i hjorteviltregisteret

I samarbeid med Naturdata AS inviterer vi til brukarkurs i Hjorteviltregisteret.

Tid: Torsdag 21. november kl. 9.30-14.30. Det vert servert enkel lunsj.

Stad: Kursrom i 2. etg. i Wigandgården, Agnes Mowinckels gate 6 i Bergen sentrum.

Bakgrunn:  I 2012 vart kommunane pålagt å bruke Hjorteviltregisteret som verktøy for å tildele fellingskvotar, rapportere fellingsresultat og leggje inn data frå sett elg og sett hjort registreringar i Hjorteviltregisteret, jf. Hjorteviltforskrifta §§ 24 og 25.

Fylkeskommunen har hovudansvaret på regionalt nivå for forvaltinga av haustbare, ikkje truga viltartar, herunder hjort, elg og rådyr. Fylkeskommunen har ei viktig rolle med å byggje opp den faglege kompetansen på lokalnivået, både hos kommunane og rettshavarane.

Målgruppe: Kommunale viltforvaltarar (1. prioritet) og valdansvarlege eller personar i valda som er aktive i bestandsforvaltinga.

Påmeldingsfrist: 18. november. Påmeldinga er bindande.

Påmelding via kommunale viltforvaltarar til kontaktperson (sjå nedanfor). Det er plass til 25 deltakarar på kurset. Ta gjerne med eigen, bærbar PC.

Kurset er gratis, med enkel lunsj, men dekker ikkje reise til og frå.

Kontaktperson: Jomar Ragnhildstveit, e-post jomar.ragnhildstveit@hfk.no

Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart