Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Kurs i forretningsmodellering (2 dagar)

Partnarskapen i Hordaland inviterer rettleiarane på kom-an.no til kurs i forretningsmodellering. Kurset er lagt opp som ei «lunsj til lunsj»-samling, frå klokka 12 første dag til klokka 12 andre dag.

Føremålet med kurset er å gje rettleiarane i Hordaland kompetanse i å nytte seg av metoden og verktøyet «Business Model Canvas» (BMC). Over to dagar får deltakarane fagleg forankring i metoden og verktøyet, samt trening i å nytte dette i reelle situasjonar med etablerarar.

Dette kurset er ei fordjuping av den korte gjennomgangen av BMC vi hadde på kom-an samlinga 17. april.  Såleis er dette kurset relevant både for dei som var med på den samlinga og for dei som enno ikkje har fått innføring i dette verktøyet.

Kurset er mynta på rettlaiarane representert på kom-an.no, som har fyrste rett til deltaking.

Kurset er gratis for deltakarane, men kvar og ein held eventuell overnatting sjølv.

Stad: VilVite-senteret, Bergen, møterom VilStyre.

Tid: 10. september 2013, kl. 12:00-18:00, 11. september 2013, kl. 08:00-12:00.

Kursinnhald:

  • Introduksjon til entreprenørskap. Kva skil oppstartsselskap frå etablerte verksemder.
  • Introduksjon til innovasjon. Dei 10 ulike innovasjonstypane
  • Korleis skrive ein forretningside?
  • Visjon i forhold til "hårete mål"
  • Grundig gjennomgang av forretningsmodellen sine 9 byggeklossar
  • Praktisk arbeid med case
  • SWOT-analyse av forretningsmodell
  • Utarbeiding av budsjett basert på forretningsmodellen
  • Kompetanseanalyse
  • Konkurrentanalyse og korleis skape konkurrenthinder
  • Trendanalyse
  • Korleis presentere forretningsideen sin for investorar?

Kurshaldar er Casper Lund, BTO.

Infoside på kom-an.no

Påmelding:

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart