Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Halmstadkonferansen i Bergen. Framtid for folkebibliotek. (Tre dagar)


Biblioteket sitt oppdrag i eit globalisert, digitalt og multikulturelt samfunn

Folkebiblioteka ønskjer å vere hjørnesteinar i kunnskapssamfunnet, svare på innbyggarane og samfunnet sitt behov for deltaking, involvering og innovasjon.
Biblioteka må vere nyskapande å finne strategiar og tiltak for å tilpasse seg utfordringane.


Politikarar, bibliotekmynde, forelesarar og debattantar frå Noreg, Danmark og Sverige vil drøfte desse spørsmåla:

  • Korleis blir folkebiblioteka sine verdiar utfordra?
  • Vil overgangen til meir elektronisk innhald kome i konflikt med folkebiblioteka sine ideal om å ta vare på demokrati og ytringsfridom?
  • Korleis kan vi organisere eit bibliotekvesen som sikrar innbyggarane like digitale tenester frå biblioteka?
  • Kva gjer vi når hyllene tømmast?
  • Korleis fungerer det når vi gir nøkkelen til biblioteket til innbyggarane i lokalsamfunna?
  • Korleis kan biblioteka oppfylle politiske målsetjingar om å auke evna til å lese i befolkninga?
  • Kva slags merkevarebygging skal til for at samfunnet skal kjenne eit presserande behov for bibliotek?
  • Kva kompetanse treng biblioteka i framtida?
  • Korleis kan vi endre bibliotekrommet for å støtte innbyggarane sine behov for lavintensive møteplassar?


Arrangørar: Hordaland fylkesbibliotek, Kultur Halland, Kultu i Väst, Mölndals stadsbibliotek, Aarhus Kommunes Biblioteker.

Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart