Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Deltaking på Fylkestinget - for partnarskapsaktørane 12. juni i Myrkdalen

FYLKESTINGET INVITERER PARTNERSKAPSAKTØRANE TIL Å PRESENTERE SEG FOR FYLKESTINGET 12.JUNI I MYRKDALEN, FRÅ KL.10.00 TIL 13.00.

Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen og har ansvar for alle fylkeskommunale oppgåver. Fylkestinget gjer vedtak på vegner av fylkeskommunen så langt anna ikkje følgjer av lov, forskrift eller delegasjonsvedtak.

Hordaland fylkeskommune bidreg gjennom sine virkemidlar til drift og utviklingsarbeid på mange områder knytt til tettstads- og næringsutvikling, entreprenørskap, vekst og innovasjon.

Som aktørar og mottakarar av finansiering frå fylkeskommunen er De på ulike område viktige i fylket sitt utviklingsarbeid.

Fylkestinget vil difor invitere til at de får presentere Dykkar organisasjon til fylkestinget sitt møte 12.juni. Det er sett av tre timar til presentasjonar og spørsmål, frå kl. 10.00 til 12.00 der kvar organisasjon får 10 minutt kvar til presentasjon, og frå kl. 12.00 til 13.00 der fylkestinget sine medlemmar kan kome med spørsmål.

Vi ber om at de i presentasjonen kort seien noko om formål, prioriteringar og oppnådde resultat for dykkar organisasjon.

Målgruppe: For inviterte aktørar som har ein partnarskapsavtale med Hordaland fylkeskommune og som årleg mottek driftsstøtte frå fylkeskommunen.

Stad: Myrkdalen Hotell, voss kommune
Tid: torsdag 12. juni 2014, kl. 10:00-13:00.

Påmelding registrerast innan fredag 6.juni 2014.

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart