Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Konferanse om helsefremjande lokalsamfunn og nærmiljø

Korleis kan vi kombinere urbanisering og fortetting i byar og tettstader i Hordaland med eit helsefremjande oppvekstmiljø?

Utforminga av lokalsamfunn og nærmiljø kan fremje eller hemme helse og trivsel til dei som bur der. Menneske i ulike aldrar og livsfasar med ulik kulturell bakgrunn og fysisk funksjonsevne har ulike interesser og behov. Med god planlegging og mest mogeleg universell tilrettelegging kan vi minske konfliktane og fremje fellesskapet. Kan vi også leggje til rette for eit rikare sosialt fellesskap gjennom fortetting?

Hald av 8. mai. Då blir desse spørsmåla drøfta på konferanse i Bergen. Der vil vi
presentere kunnskap om helsefremjande lokalsamfunn og nærmiljø og vise eksempel frå inn- og utland.

Vi vonar konferansen skal vere ein møteplass for politikarar og planleggjarar i
kommunar, frivillige organisasjonar og kompetanse- og forskingsinstitusjonar.

Registrering opnar i mars.

Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart