Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Kurs i stadanalyse og stadutvikling med "DIVE" som verktøy

Kursstad: Fleischers Hotel, Voss

Dato: Onsdag 3. – torsdag 4. -september 2014

Påmeldingsfrist: 27.juni 2014

Påmeldingsskjema finn du nederst i artikkelen.

Kontaktperson: Gunnbjørg Austrheim, HFK tlf. 55239189, gunnbjorg.austrheim@hfk.no 

Kurset er ein del av Hordaland fylkeskommune si satsing på auka kulturminnekompetanse i kommunane. (KIK)

Sjå fullt program for kurset                       

DIVE-kurs:  

Som ein del av statleg og fylkeskommunal satsing på stadutvikling og på kulturarven som utviklingsressurs, vert de inviterte til kurs i DIVE kulturhistorisk stadanalyse. Kurset høver for planleggjarar og ansvarlege for kulturminne og kulturmiljø. Det vert og høve for konsulentar og andre interesserte å melde seg på- så langt plassen tillet det.

Sjølve kurset er gratis, arrangøren dekkar og måltid som ligg inne i programmet, inkludert middag onsdag 3. september. Det er plass til ca. 30 deltakarar, så her vert det første mann til mølla prinsippet. Reisa og opphald på hotell må tingast og dekkast av deltakarane sjølv. Hotellrom er reservert men må bokkast innan påmeldingsfristen 27 juni av kvar deltakar.

NB! I tilfelle avbestilling må dette gjeras seinast seks veker før kursstart, for å unngå at ein må betale for overnatting.

Ved bestilling må deltakaren opplyse at reservasjonen gjelder Kurs/Riksantikvaren.

Det går tog frå Bergen til Voss kl. 07:58 som er på Voss kl. 09:08. Retur frå Voss kl. 14.39.

Kursarrangørar:

Riksantikvaren i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Voss kommune

Kulturhistorisk stadanalyse «DIVE» - EIT PLANREISKAP Kurset tek for seg eit konkret planreiskap utvikla av Riksantikvaren. DIVE-analyse kan nyttast på alle tettstader, uavhengig av storleik og historikk.

Kurset vekslar mellom metodelære, praktisk verkstadsarbeid og presentasjonar, med Voss sentrum som CASE. Med hjelp av DIVE-analysen sine prinsipp og teknikkar skal kurs-deltakarane på kurset vurdere og diskutere handlingsrommet mellom vern og utvikling innafor case området. Meininga er at kurset skal ha overføringsverdi til plan -og utviklingsprosessar andre stader. Voss er ein spanande kursstad og case av fleire grunnar og tettstaden har dagsaktuelle utfordringar som og er interessante for andre.

Sjå riksantikvarens veileder for bruk av DIVE

Hordaland fylkeskommune har plukka ut Voss som eit attraktivt case for Dive- analyse. Voss kommune  stiller seg til disposisjon som spennande case, men har ikkje teke stilling til om dei skal utarbeide en DIVE -analyse for sentrum. Kommunen har mange fokusområde, og Voss si historie er ein av dei.

Voss sentrum som case:

Voss har ein spanande og samansett historie som tettstad. Sentrum, som har namnet Vangen, har nokon sentrale eldre kulturminner som gir staden sterk identitet, slik som Vangskyrkja frå 1277 og det historiske og ærverdige Fleischers hotell. Men den nyare historia er og veldig tydeleg på Vangen.  Store delar av Voss sentrum vart bomba under krigen, og sentrum vart bygt opp at etter gjenreisingsarkitekturens prinsipp og struktur. Det gjer Voss unik og det gjev mange ulike omsyn ein må halde seg til ved ny utvikling.

Voss har, som mange andre tettstadar i same storleik, ynskje om å utvikle seg vidare og auke folketal og aktivitetstilbod. Voss er eit sentralt regionsenter. Voss ynskjer å leggje til rette for å ta imot noko av den enorme folkeveksten som er forventa i Bergensregionen. Voss jobbar for å verta ein attraktiv bukommune med gode bukvalitetar og eit effektivt kollektivsamband for arbeidsreisande til og frå Bergen.

Den store veksten må skje gjennom fortetting av sentrum og allereie etablerte strukturar. Det gjer at ein må studere potensialet i sentrum for å fortette på ein god måte. På ein måte som vil skape eit betre bymiljø, samstundes som identitet og historie vert ivareteke å ein god måte. Vangen har karakteristiske kvartalstrukturar som i dag har stort potensiale til nyutvikling og oppgradering. Det vil vere interessant å studere dei ulike kvartala og samstundes ha fokus på å skulle ta vare på heilskapen i sentrum.

Voss sentrum har sin spesielle historie, men har dei same utfordringane som veldig mange andre kommunar og sentrum. Utfordringen er å kunne nytta eksisterande og historisk bygningsmasse på ein fornuftig måte etter dagens krav. Det gjeld forretningsverksemder, kontor, service og bustader/leiligheter.  Utfordringen er å kunne bruke dei historike bygningane slik at det vert attraktivt å halde til der og skape eit spanande sentrum, eit attraktivt sentrum med identitet.

Gjennom å ta ei historisk analyse av eit sentralt kvartal på Vangen vil ein kunne få nokre knaggar å henge ny utvikling på.

Velkomen til Voss! 

Meld deg på ved å nytte dette skjema:

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart