Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Sjef i eget liv

Eit godt planleggingsreiskap for Utdanningsval

Som lærar i skuleverket møter du ofte elevar som er usikre på val av utdanning og yrkesveg. Dagskurset Sjef i eige liv kan hjelpe deg med denne viktige oppgåva.

Papirbredden Karrieresenter har i samarbeid med ulike aktørar innanfor utdanningssektoren, og i dialog med Husbanken, utvikla eit eige pedagogisk opplegg og kursmateriell til det digitale læringsverktøyet «Sjef i eget liv».

Kurset er bygd opp med tre hovudtema der økonomi og bruk av den digitale simulatoren frå Husbanken er eit av dei tre temaa. Dei tre hovudtemaa i kurset er;
- sjølvinnsikt
- lære om korleis ulike val har påverknad på personleg økonomi
- ferdigheiter i val av utdanning og yrke

Deltakarane utfordra til å ta stilling til viktige spørsmål knytta til eigne verdiar, økonomiske val og val av utdanning og yrke. Gjennom praktiske øvingar og leik får deltakarane hjelp til tydeligare å sjå seg sjølve, sine ressursar og moglegheiter, og korleis privatøkonomien blir påvirka av ulike val.

Som kursdeltakande lærar på dette kurset, får du trening i å gjennomføre kurset og bruke dei digitale ressursene, samstundes som du får enda eit verktøy for å sikre kunnskapsbaserte val for elevane.

Sjå på lenkene;   Om materiell; http://papirbreddenkarriere.no/sjefiegetliv/
Om økonomisimulator; https://sjefiegetliv.husbanken.no/
Meir om kurset; http://husbanken.no/boligsosialt-arbeid/ungdom/sjef-i-eget-liv_simulator/

Tid: 20.oktober fra kl 10.00 - 15.00
Stad: Bergen, meir info kommer.
Pris: Gratis

Kurshaldarar: Edle Holt (Husbanken) og Clare Seville (Papirbredden karrieresenter)

Påmeldingsfrist: Onsdag 13. oktober

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart