Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Fransk 3 som nettfag

Elevar ved vidaregåande skular i Hordaland fylkeskommune kan søkje om å ta visse programfag som nettfag. Til grunn for opptak ligg krav om at: 1) fagtilbodet ikkje finst ved eigen skule, og 2) at eleven har det faglege grunnlaget som trengst for å delta.


Fag

Undervisningstidspunkt

Oppstart

Omfang

Fransk 3

Torsdagar kl. 17-19

og

Undervisning i grupper, 2 timar per veke


(tidspunkt for undervisninga i grupper vert avtalt ved oppstart)

27. august 2015

Programfag I Sjå læreplan

 

Om faget:
Fransk 3 som nettfag utgjer eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen.

For meir informasjon sjå: Vilbli.no - Læreplan for fremmedspråk (programfag)


Kven kan delta?

  • Elevar ved skular som ikkje tilbyr programfaget (Tilbodet er ikkje ope for privatistar)

  • Elevar med naudsynt fagleg bakgrunn



Viktig!

  1. Fransk 3 som nettfag stiller krav til høg grad av motivasjon og eigeninnsats

  2. Det er oppmøteplikt i faget

  3. Ein må stille med eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett



Korleis skjer undervisninga?
Undervisninga vil føregå via Internett ved hjelp av Its Learning, Adobe Connect (virtuelt klasserom) og generelle digitale verktøy. Det vil også vere nokre fysiske samlingar for elevane. I einskilte programfag vert studietur vurdert.

For programfaga vært heildagsprøvar og eksamen organisert og gjennomført på eigen skule.

Elevane får opplæring i bruk av digitale verktøy, skal være aktive i høve til produksjon i timane og samarbeide med andre elevar.


Opptak og søknadsfrist:

Søknadsfrist:
1. juli

Karakterar avgjer ved høg pågang.

Kontaktpersonar:
Kjetil Brathetland, kjetil.brathetland@hfk.no

Svein Olav Norenes, svein.olav.norenes@hfk.no

 

MELD DEG PÅ HER:

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart