Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

GIS-nettverkssamling Bergen

Fagutvalet i GIS-nettverket har gleda av å invitere til den fjerde samlinga i dette nettverket. Denne samlinga er for alle GIS interesserte i fylkeskommunane, og alle GIS-koordinatorar. Programmet er som alltid variert og dekker GIS i mange ulike fagområde. Vi får også høve til å sjå smakebitar frå det nyaste innan GIS.

Tid: torsdag 11. og fredag 12. juni 2015.
Stad: Augustin Hotell, C. Sundts gate 22, Bergen
(Nettside). Tlf: +47 55 30 40 00

Praktisk informasjon:
Det blir felles guida tur på akvariet i Bergen (dersom nok påmeldte). Delar av turen vil skje utandørs. Ta difor med regntøy/paraply. Vi spaserer til Akvariet frå hotell Augustin (ca. 10 min). Oppmøte i lobby kl. 1800.

Påmeldingsalternativ:
Deltakarane betaler sjølve hotellet. Eventuelle overnattingar utover 11.-12. juni må den einskilde avtale med hotellet sjølve. Kveldsarrangement blir etterfakturert. Alle deltakarar må likevel velje mellom følgjande alternativ:

  1. Dagpakke dag 1 (u/overnatting (inkl. lunsj, fingermat og kaffi): kr. 455.
  2. Dagpakke dag 2 (u/overnatting (inkl. lunsj, fingermat og kaffi): kr. 455.
  3. Begge dagar (begge dagpakker, lunsj, fingermat og kaffi): kr. 910.
  4. Overnatting enkeltrom: kr. 895, betalast ved utsjekk.
  5. Middag: kr. 365, betalast ved utsjekk.
  6. Kveldsarrangement, akvariet med omvisar (ca. 400), fakturerast i etterkant.
    (Totalt med kveldsarrangement ca. kr. 2.570)

Påmeldingsfrist: innan 8. mai 2015 (utvida frist).
Påmeldinga er bindande. Eventuell avmelding må skje via påmeldingslenkje (som vert sendt pr epost etter innsendt påmelding) innan fristen 4. mai 2015.

Kontaktperson:
Torbjørn Bøe, tlf. 55 23 93 02, torbjorn.boe@hfk.no

Påmelding:

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart