Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Erfaringssamling folkehelsenettverk i Bergen

Målgruppe

Folkehelsekoordinatorar, folkehelsekontaktar og andre i kommunane som arbeider med utvikling av oversiktsdokument og planlegging.

Stad: Hotell Grand Terminus kl. 09.30 – 14 30

Hovudtema

Kvalitativt kunnskapsgrunnlag i oversiktsarbeidet over helsetilstand - kvifor det? Døme på metodar og erfaringar frå deltakarkommunane i prosjekt nærmiljø og lokalsamfunn  som fremjar folkehelse i Hordland.

Deltema

  • Anti-doping Norge sitt arbeid i Hordaland
  • Folkehelseinformasjon frå regionalt og nasjonalt nivå

Kvifor dette hovudtemaet?

Dei fleste kommunane i Hordaland har dei siste åra utvikla oversiktsdokument over helsetilstanden. Mange av kommunane har brukt tilgjengeleg kvantitativ kunnskap som hovudkjelde til å hente inn kunnskap. Færre har fått fram brei lokal kunnskap om kva faktorar i nærmiljø og lokalsamfunn som kan ha positiv eller negativ innverknad på helsa i dokumenta sine (fhl § 5.c).

Hordaland er med i det nasjonale metode programmet "Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse i Hordaland". Prosjektkommunane er Askøy, Bømlo, Fjell og Stord. Gjennom prosjektet håper vi på å få meir innsikt i korleis folk har det der dei bur, og korleis innbyggjarane i kommunane opplever lokalsamfunna sine. Kva er viktige kvalitetar i nærmiljøet for helse og trivselen til folk? Denne kunnskapen er vanlegvis ikkje tilgjengeleg for dei som planlegg utviklinga i kommunane. Korleis kan slik ny kunnskap bidra til auka kunnskapsgrunnlag?

Prosjektarbeidet er i eit utviklingsfase og skal avsluttast i 2018. Målet med samlinga er å presentere prosjekta til kommunane Askøy, Bømlo, Fjell og Stord og dele førebelse erfaringar frå prosjektet.

Møteleiar: Jens Harald Garden

Påmeldingsfrist: 22.11.2016

Kontaktperson: Jens Harald Garden, tlf 55 23 92 65. jens.harald.garden@hfk.no

Påmelding:

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart