Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Prisen for Årets Hordalending 2016

Prisen som Årets hordalending skal løfte fram ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland. 

Retningsliner til prisen for Årets Hordalending 2016

 

1. Bakgrunn for prisen

Hordaland fylkeskommune vil løfte fram dei som gjer ein ekstraordinær innsats for fylket som heilskap. Det fins allereie ei rekkje prisar for enkeltprestasjonar innan miljø, idrett, forsking og kultur. Denne prisen vil vere ein sektor-overgripande pris som femnar alle område av samfunnet.

2. Kven kan foreslå kandidatar

  • Medlemene i fylkestinget
  • Kommunestyre og statlege etatar i Hordaland
  • Nærings- og arbeidslivet sine organisasjonar
  • Registrerte interesseorganisasjonar
  • Utdanningsinstitusjonar
  • Regionråda i Hordaland
  • Juryen

3. Krav til kandidatar

  • Må ha utmerka seg lokalt, nasjonalt eller internasjonalt
  • Ha sett Hordaland på kartet
  • Vere frå Hordaland eller bu i fylket
  • Kan representere alle område av samfunnet
  • Ein person kan berre bli Årets Hordalending ein gong

4. Søknadsfrist innan 1.november 2016.

5. Premie
Kr. 50.000,- samt diplom.

6. Konfidensiell handsaming av inkomne forslag
Alle inkomne forslag vil bli unnateke offentlegheit.

7. Utdeling av prisen
Diplom vil bli delt ut under Nyttårsmøtet 4. januar 2017.

Frist for innmelding av kandidatar er 1. november 2016.

Melde inn kandidat:

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart