Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

God skulestart, digitale krenkelsar og gruppebaserte fordommar- Stord

Velkomen til siste del av kursrekka «Gode skulemiljø – slik jobbar vi mot mobbing».

Det er mogleg å delta på mars-samling, sjølv om du ikkje har fått med deg dei føregåande samlingane.

Tid: Fredag 10. mars kl 09.00 - 15.30

Kurset blir også halde på Voss og i Bergen

Stad: Stord vidaregåande skule, Avd. Vabakkjen

Målgruppe: Skuleleiing, lærarar, elevteneste, rådgivarar, elevinspektørar og OT/PPT.

Det er ønskjeleg at kvar skule sender minst tre representantar og at ein av dei er frå leiinga.

Tema: Denne gongen ser vi på førebygging og god skulestart, vi presenterer VIP Makkerskap, eit godt verktøy for ein trygg skulestart.

I tillegg er fokus digitale krenkelsar og mobbing og vi vil gå inn på korleis ein kan inkludere utsette grupper i undervisning og praksis. Vi får med oss dyktige førelesarar frå Læringsmiljøsenteret, Rosa Kompetanse og VIP Makkerskap, i tillegg til mobbeombodet.

Program for kurset

For tilsette i Hordaland fylkeskommune: Om du ikkje har delteke tidlegare og du ønskjer å sjå kva som har vore tema i oktober og mars, finn du alle presentasjonar frå tidligare samlingar på mobbeombodet si side på intranett.

For eksterne: Samlinga kostar 200 kroner per person, det inkluderer lunsj og kaffi.

Om du ikkje har delteke på dei føregåande samlingane, men ønskjer å sjå kva som har vore tema i oktober og mars kan du få presentasjonane tilsendt ved å ta kontakt med Silje Baldersheim Totland på e-post silje.baldersheim.totland@hfk.no

Kontaktperson: Praktisk kursansvarleg: Silje Baldersheim Totland på e-post silje.baldersheim.totland@hfk.no

Fagansvarleg: Mari-Kristine Morberg, e-post mari-kristine.morberg@hfk.no

Påmeldingsfrist: Fredag 24. februar

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart