Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Informasjonsmøte for nye rådgjevarar

Inntakskontoret innbyr med dette nye rådgjevarar og/eller rådgjevarar som ynskjer litt påfyll av generell informasjon, til eit informasjonsmøte som er særleg retta mot inntaket til vidaregåande opplæring neste skuleår.

Møtet er ope både for rådgjevarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Interesserte elevinspektørar i den vidaregåande skulen kan også melde seg på.

Dato: 8.november 2017
Tid: 11.45 til ca. kl. 15.00 ( lunch blir servert)
Stad: Fylkeshuset.  Møterom Vestlandet, 1.etg.

Påmeldingsfrist:  1.oktober 2017
Kontaktperson: Elin Wikan, tlf. 55 23 92 43, e-post: elin.wikan@hfk.no

Det blir tatt atterhald om at det melder seg nok deltakarar til at vi finn det tenleg å halde møtet.  Reiseutgifter må dekkjast av den einskilde skule.

Inntakskontoret har ikkje oversyn over kven som er nye i rådgjevarstillingane i inneverande skuleår.  Det vil difor ikkje bli sendt ut påminning dersom vi ikkje har fått påmelding frå den einskilde skule når fristen er ute den 1.oktober.

Hovudtema for møtet:

  • Grunnleggjande informasjon om rettane til vidaregåande opplæring
  • Grunnleggjande informasjon om kven som kan søkje utvida opplæringsrett
  • Retten til omval av utdanningsprogram/programområde, og korleis dette påverkar opplæringsretten.
  • Fritak for fellesfag ved omval
  • Karaktergrunnlag for inntak til Vg2 og Vg3 i høve til kor mange strykkarakterar ein kan ha, og likevel bli tatt inn på høgare kursnivå
  • Generell informasjon om Vigo-systemet, både i høve til eleven si søkjarside og skulane si informasjonsside.
  • Informasjonsmateriell som blir sendt søkjarane før søknadsfristen, og før 1.inntaksomgang
  • Nyttige nettsider både for elev og skule
  • Eventuelle andre aktuelle tema, som gjerne kan meldast inn frå den einskilde skule

Dette informasjonsmøte er meint som ein «grunnmur» mot dei meir generelle info. møta som blir haldne seinare i haust og tidleg på nyåret.  Dette gjeld særleg møta i siste halvdel av november om søkjarar med særskilt tilrettelegging/minoritetsspråklege søkjarar, og dei ordinære informasjonsmøta i første halvdel av januar 2018.

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart