Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til hovedmeny Hopp til undermeny

Forsking og innovasjon i kommunal sektor - informasjonsmøte

Tid: Fredag 5. mai kl. 10.00–12.00 (med lunsj og møteplass frå kl. 12.00-13.30)
Stad: Hordaland fylkeskommune, Agnes Mowinckels gate 5, Bergen - Auditoriet

Målgruppe
Kommunar, fylkeskommune og forskningsinstitusjonar

Innhold
Det vert informert om mulegheiter for kommunar og forskarar å søkje om støtte til forskingsprosjekt som skal bidra til å styrke innovasjonsevne i kommunane.  Forskingsprosjekta skal vere innan område som kommunar og fylkeskommunar sjølve vurderer som vesentlege.

Astrid Toft frå KS Hordaland , Benedicte Løseth, Byrådsavdeling Helse og omsorg og Magnar Sekse fra Vann- og avløpsetaten, Bergen kommune innleiiar om kvifor forsking er viktig for kommunane.

Forskar og medlem i programstyret Mai Camilla Munkejord, frå Uni Research og Universitetet i Tromsø, vil informere om Forskingsrådet sitt nye program FORKOMMUNE – Forsking og innovasjon i kommunesektoren. FORKOMMUNE har lyst ut  forprosjektmidlar med frist allereie 24. mai.

Randi Lotsberg i Hordaland fylkeskommune/Regionalt forskingsfond Vestlandet vil  informer om Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet). Fondet har løpande utlysing av forprosjekt (kvalfiseringsprosjekt) for kommunal sektor.

Det vert også kort informert om andre program og komande utlysingar som er spesielt relevante for kommunesektoren.

Frå kl. 12.00– 13.30 vert det enkel lunsjservering og møteplass for dei som ønskjer å diskutere samarbeid om konkrete forskingsidear.

Kommunerepresentanter som ønsker å kome i kontakt med mulege forskarar kan melde inn sitt/sine tema på førehand.

Pris: Gratis

Kontaktperson: Randi Lotsberg – forsking@hfk.no – 55 37 80 94 / 41 21 70 15


Påmelding innan 2. mai 2017
Skriv inn e-postadressa di nedanfor og trykk neste.

Meld deg på:

E-postadresse:
Endre påmeldinga
Opningstid
Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord
Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post
E-post

hfk@hfk.no

Post
Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset
Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart